av Metropolitt Jonah (Paffhausen)
Då eg studerte teologi hadde eg den store
velsigninga av å verta åndeleg son av ein gresk biskop, Biskop Kallistos av
Xelon. Siste delen av hans liv var han biskop i Denver i det greske
erkebispedømet. Det var han som lærde
meg Jesusbøna. Hans åndelege visjon hadde tre veldig enkle punkt:
Ver ikkje sint. Reager ikkje. Bevar indre
stille.
Desse tre åndelege prinsippa, eller
disiplinane, er eigentleg heile Filokalia i ein sum, samlinga av ortodoks
kristen åndeleg visdom. Og dei er disiplinar kvar enkelt av oss kan praktisera,
uansett kor me er livet - om me er i eit kloster eller på skulen; om me er
ektemakar eller pensjonerte; om me har ein jobb eller om me har små born å
springa etter. Viss me kan halda fast på og øva oss i desse tre prinsippa vil
me vera i stand til å gå djupare og djupare i vårt åndelege liv.
Blir ikkje sint.
Når me ser på det indre rotet som er er i
våre liv, hjarto og sjeler, kva finn me? Me finn gamalt sinne [resentments]. Me
finn minner om gale ting gjort mot oss. Me finn sjølv-rettferd. Me finn desse i
oss på grunn av stoltheit. Det er stoltheita som gjer at me held fast på våre
unnskyldningar for fortsatt sinne mot andre menneske. Og det er såra stoltheit,
eller sjølvskryt, som matar vår misunning og sjalusi. Misunning og sjalusi
fører til sinne og bitterheit.
Bitterheit fører til ei rekkje problem.
Dess meir bitre me er på andre menneske, dess meir deprimerte vert me. Og dess
meir vert me oppslukt av attrå etter å ha det dei har, som er misunning. Ofte
vil me så ty til vanedannande bruk av substansar frå den materielle verda – om
det er mat eller alkohol eller piller eller sex eller noko anna – det handlar
om å sjølvmedisinera oss til å gløyma og distrahera oss bort frå vårt sinne.
Ein av dei mest verdifulle og viktige
tinga som me dermed kan gjera er å ta ei vurdering av sinnet vårt. Og ein av
dei beste tinga måtane å gjera dette på er å gå til skrifte. Og ikkje berre ein
gong, før me blir døypt eller krismert. I løpet av vårt åndelege liv kan me
skrifta fleire gonger, for å verkeleg grava ned i fortida vår og sjå på dei
bitre tankane me ber mot andre menneske. Dette vil hjelpa oss til å gjera den
tøffe jobben det er å overvinna bitterheita gjennom tilgjeving.
Kva tyder tilgjeving? Tilgjeving tyder
ikkje å unnskylda eller rettferdiggjera det nokon har gjort. Til dømes ved å
seia «Ja, han misbrukte meg, men det er OK, det er berre hans natur», eller «Eg
fortente det». Nei, viss einkvan misbrukte deg så var det ei synd mot deg. Men
når me held fast på det vonde, når me held på sinne og bitterheit inni oss
sjølv, mot dei som har misbrukt oss, så held me deira misbruk mot oss i live.
Me fortsetter misbruket deira mot oss sjølve. Den vonde sirkelen lyt stoppast.
Den personen er truleg langt borte og har for lenge sidan gløymt oss, eller at
me nokon gong har eksistert. Men kanskje ikkje. Kanskje var det ein forelder
eller ein annan nær person, som gjer sinnet desto meir bittert. Men for din eigen
fred og di eiga sjel si skuld, treng me å tilgi. Me bør ikkje rettferdiggjera
handlinga, men me bør undersøka handlinga og sjå at bak stod ein person som
slit med synd. Me bør sjå at den personen som me har vore bitre på, den
personen me treng å tilgi, ikkje er noko forskjellig frå oss, at dei syndar
akkurat som me gjer, og me syndar akkurat som dei gjer.
Sjølvsagt, det hjelper viss personen som
me er bitre på, den personen som såra eller misbrukte oss på nokon måte, spør
oss om tilgjeving. Men me kan ikkje venta på dette. Og me kan ikkje halda fast
på vårt sinne etter å ha sagt at me har tilgitt. Tenk på Fadervår: «Forlat oss
vår skuld som me og forlet våre skuldmenn». Viss me ikkje tilgir, så kan me
ikkje ein gong be Fadervår utan å fordømma oss sjølve. Det er ikkje det at Gud
fordømmer oss. Me fordømmer oss sjølv ved å nekta å tilgi. Me vil aldri ha fred
viss me ikkje tilgir, berre sinne. Det er ein av dei vanskelegaste tinga å
gjera, og vår kultur forstår det ikkje. Det er å sjå på den personen me treng å
tilgir, og så elska dei – på trass av korleis dei har synda mot oss. Deira synd
er deira synd, og den treng dei å handsama sjølv. Men me syndar i vår reaksjon
mot deira synd.
Så det fyrste åndelege prinsippet – hald ikkje fast på sinne – fører til det andre. Me må læra å ikkje reagera. Dette er berre ei naturleg følgje av å «venda det andre kinnet til». Når nokon seier noko som sårar oss, eller når nokon gjer noko sårande, kva er det som vert såra? Det er vårt ego. Ingen kan i sanning såra oss. Dei kan kanskje forårsaka fysisk smerte eller emosjonell smerte. Dei kan jamvel drepa kroppen vår. Men ingen kan skada våre sanne sjølv. Me må ta ansvar for våre eigne reaksjonar. Då kan me kontrollera våre reaksjonar.
Det finst ei rekkje nivå til dette prinsippet. På det mest openberre planet; viss nokon slår deg, så slår du ikkje tilbake. Vend det andre kinnet til, er Herrens lære. Det er vanskeleg nok. Men det er eit endå djupare nivå. For viss nokon slår deg og du unnlet å slå tilbake – men i hjarta ditt foraktar dei, og ber på sinne og hat og bitterheit mot dei, så har du framleis tapt. Du har framleis synda. Du har framleis brote din relasjon med Gud, fordi du ber det sinnet i hjarta ditt.
Ein av dei tinga som er så vanskeleg å koma til rette med, er den realiteten at når me ber på sinne og bitterheit i våre hjarto, stiller me opp barrièrar mellom Guds nåde inne i oss sjølve. Det er ikkje det at Gud sluttar å gi oss sin nåde. Problemet er at me seier « Nei. Eg vil ikkje ha den». Kva er Hans nåde? Det er kjærleiken hans, miskunna hans, medkjensla hans, hans aktivitet i våre liv. Dei heilage fedrane lærer oss at kvart menneske som nokon gong har vorte født på denne jorda ber Guds bilete uforfalska i seg. I vår tradisjon er det ikkje noko som heiter ein fallen natur. Det finst falne menneske, men ikkje fallen natur. Implikasjonane i denne sanninga er at me ikkje har noko unnskyldning for synda vår. Me er ansvarlege for syndene, for vala me gjer. Me er ansvarlege for handlingane våre og får reaksjonane våre. «Djevelen fekk meg til å gjera det», er ikkje noko unnskyldning, for djevelen har ikkje meir makt over oss enn me gir han. Dette er vanskeleg å akseptera, for det er veldig greitt å skulda på djevelen. Det er også veldig greitt å klandra einkvan i vår fortid. Men det er også lygn. Vår val er våre eigne.
På eit endå djupare nivå, lærer dette åndelege prinsippet – reager ikkje – at me treng å læra å ikkje reagera på tankane våre. Eit av dei mest fundamentale aspekta av dette er å vakta over sitt eige indre. Det kan verka som ei overveldande oppgåve, når ein tek i augnemål kor mange tankar me har. Likevel, den indre vaktinga treng ikkje å vera forkusert på tankane. Vaktinga må vera fokusert på Gud. Me treng å oppretthalda det vedvarande medvitet om Guds nærvær. Viss me gjer det, vil tankane våre ikkje ha makt over oss. Me kan, for å seia det med heilage Benedikt, slå tankane våre mot nærværet åt Gud. Dette er eldgamal fedrelære [patrologi]. Me fokuserer vår merksemd på å hugsa Gud. Viss me kan gjera det, vil me begynna å kontrollera våre vanskelege tankar. Våre reaksjonar handlar om våre tankar. Når alt kjem til alt, viss nokon seier eitkvart stygt til oss, korleis reagerer me? Me reagerer fyrst i tankane. Kanskje er me vane med å slå tilbake med eit stygt svar etter å ha vorte fornærma. Men å vaka over sinnet vårt, slik at me opprettheld det levande fellesskapet med Gud gir ikkje rom for distraherande tankar. Det finst mykje rom viss me bestemmer oss for at me treng å tenkja nøye gjennom noko, i Guds nærvær. Men så snart me tek del i noko hatefullt, så lukkar me Gud ut. Det motsette er også sant - så lenge me held vår kopling til Gud open, vil me ikkje vera i stand til å delta i noko hatefullt. Me reagerer ikkje.
Omsett av Øystein J. Lid
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar