lørdag 21. juni 2014

Jakka du ikkje brukar, tilhøyrer den som frys

av St. Basilios den store (330 - 379)
preike over Lukas 12,18


Kom du ikkje naken frå mors liv? Skal du ikkje igjen venda tilbake til jorda naken? Kor har dei tinga du no eig kome frå? Dersom du seier at dei berre spontant vart til, er du ein ateist. Du gjev ikkje Skaparen merksemd, og viser ikkje takksemd til han som gav dei. Men dersom du seier at dei kjem frå Gud, forklar for oss årsaka til at du mottok det. Er Gud urettferdig, slik at han deler ulikt mellom ulike menneske? Kvifor er du rik, medan andre er fattige? Er det kanskje for at du skulle få løn for å vera gåvmild og ein trufast forvaltar, og at den fattige skulle få ære ved å halda ut?

Men når det gjeld de som sopar mest mogeleg til dykk sjølve, i dykkar umettelege grådigheit, trur de ikkje at de gjer gale når de held unna så mykje for så mange? Kva er ein grådig mann? Ein som ikkje er nøgd med det som er tilstrekkjeleg. Kva er ein tjuv? Ein som tek det som høyrer til andre. Høyrer ikkje du til desse som tek det du mottok som forvaltar, og gjorde det til ditt eige? Ein som stel ein annan mann sine klede vert kalla ein tjuv. Men når nokon ikkje kler ein naken mann, sjølv om han var i stand til å gjera det, fortener ikkje ein slik mann same tittel?

Brødet som du held for deg sjølv tilhøyrer den svoltne. Jakka som du vaktar i eit låst skåp tilhøyrer den nakne. Skoa som råtnar i skåpet ditt tilhøyrer den berrføtte. Sølvet du har gøymt på ein trygg stad tilhøyrer den trengande. Difor, så mange som du kunne ha hjelpt, så mange har du synda mot.

Omsett av Øystein J. Lid

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar