søndag 21. mai 2017

Guds vesen

av Abbed Tryfon

Hl. Gregorios Palamas

Guds vesen blir openberra i Hans energiar.

Heilage Gregorios Palamas seier oss at: “Dei som er rekna som verdige til det, har samfunn med Gud, alle tings årsak … Han forblir i seg sjølv fullt og heilt, og samtidig bur Han fullt og heilt i oss, slik at vi får ta del, ikkje i Hans vesen, men i Hans ære og stråleglans.”

På grunn av dette er Gud både openberra og gøymt – openberra i sine energiar, men gøymt i sin essens. Gud manifesterer seg i sin heilskap, og samtidig manifesterer han seg ikkje. Og sjølv om vi fattar Han ved intellektet vårt, fattar vi Han ikkje. Og sjølv om vi tar del i Han, forblir Han hinsides all deltaking. Vår Gud er og er ikkje, Han er overalt og ingen stader. Herren har mange namn, men kan ikkje nemnast. Gud er alltid i rørsle, og samtidig er Han urørleg. Han er alt – og ingenting.   

I Guds essens er Han uendeleg overskridande, ukjenneleg og bakom all forstand og all deltaking. Men i energiane Hans er Gud uutsliteleg nærverande, alle tings kjerne og nærare hjarta til kvar og ein av oss enn vårt eige hjarta. Guds himmelske energiar er ikkje ein mellom-ting mellom Gud og oss sjølve, og Hans energiar er ikkje ei skapt gåve som han gjev oss, dei er Gud sjølv i handling. Kvar uskapte energi er Gud i Sin udelelege heilskap, dei er ikkje ein del av Han, men heilskapen.

Oversatt av Hallvard Lid

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar