torsdag 22. oktober 2015

Kva er kristendom?

Av Roy-Olav T. Øien


Den ortodokse kristendomen er ein filosofi. Iallfall tenkjer mange slik (Kol. 2:8). Dei ser føre seg den kristne tanken som ein av mange antikke straumdrag som har overlevd til i dag. Andre vil derimot meine at kristendomen er ein religion på linje med islam, hinduisme og jødedom. Dei ser føre seg ein guddom som styrer verdssoga frå avstand og har millionar av krav til kva menneska sjølve skal gjere for å vinne sjelefred.  

Den ortodokse kristendomen er verken filosofisk eller religiøs. Han er ei openberring direkte frå Gud og skil seg ut ved at Jahve Gud søkjer kvart einskild menneske der dei andre religionane krev at menneska er den søkjande parten (Jak. 1:26). Den ortodokse kristendomen vil seie at Gud skapte menneska for at han kunne lækje dei. Alle andre religionar krev at mennesket først lækjer seg sjølv før dei kan ha samfunn med Gud.

Den ortodokse kristendomen er ikkje ei tru på noko fjernt og absolutt. I staden er det eit samfunn med ein person av same materialet som mennesket. Det er heller ikkje ei tru på ei fjern framtid utan liding og sorg, men ei erfaring av at lækjedomen startar i dette livet (Mal. 4:2). For Den ortodokse kristendomen er der ingen problem som står på vent til eit anna tidskverv, men dei blir tekne hand om i dette livet.

Den ortodokse kristendomen lever framtidsvona no. Guds rike startar i dette livet ved at Den treeinige Gud gjev menneska del i sin nåde – sitt uskapa lys (Op. 1:9). Ein ventar difor ikkje på noko endetid, men spring, i Kristus, slutten på tidene i møte og er allereie i det evige livet. Ein ventar heller ikkje på eit nytt Kristi kome, for har ein sett Kristi lys, lever ein allereie i det ævelege livet no.

Den ortodokse kristendomen er guddommeleggjering (2. Pet. 1:4). Kvart einskild menneske som blir døypt ortodoks startar ein prosess der ein gradevis blir meir like Kristus. Hans bilete, som er i kvart menneske, blir vaska reint. Dette skjer i Kyrkja. Kyrkja er Kristi kropp (Kol. 1:18), og det er i henne vi får del i Kristus, blir sameinte med han. I den ortodokse kristendomen er der difor ikkje rom for privatpraktiserande religiøsitet.

Den ortodokse kristendomen er reinsing (Jak. 1:19-27). Dette skjer i Kyrkja og ved Kyrkja, men er likevel ikkje noko ein gjer i eigen kraft. Hjartet og sjela si reinsing skjer ved at Gud og mennesket jobbar saman i ein symbiose på kvar einskild si frelse. Gud søkjer mennesket og tenner gnisten. Mennesket legg syndene sine på bålet. Ja, mennesket kjem med alt det slit med, og Gud lèt det brenne opp. 

Den ortodokse kristendomen er difor lækjedom. Vi kjenner historia om den gode samaritanen (Luk. 10:33ff). Mannen som kom gåande er mennesket som gjekk bort frå Jahve Gud og inn i ei vondskapsfull verd (Salme 38:5). Den gode samaritanen er Kristus som lækja menneska med olje og vin – Den heilage ande og blod. Deretter førte han mannen inn i Den ortodokse kyrkja og gav han til apostelen Paulus slik at han kunne passe han saman med dei andre lærde i kyrkja.

Den ortodokse kristendomen er såleis eit sjukehus. Prestar og biskopar, helgenar og apostlar, er alle lækjarar tilsett av Gud (Matt. 4:23-24). Dei har sidan tidenes morgon jobba for at kvar einskild menneske skal bli frisk og lækja. Ein kan difor utvide bilete og seie at Den ortodokse kyrkja er todelt. Ein har dei som er sjuke og under behandling, og vi har dei heilage som allereie er lækja.

Den ortodokse kristendomen kan dermed ikkje dele menneske inn i kategoriar som til dømes moralske og umoralske, gode eller vonde. Ein er alle undervegs samstundes som ein allereie har del i det himmelske. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar