lørdag 4. juni 2016

Gje til alle

Eit utdrag frå Hyrden (Hermas) – 100talet


Gjer det gode, og av den løna Gud gjev deg for ditt daglege strev skal du gje heilhjarta til alle som lir naud, utan å vega fram og tilbake kven du skal og ikkje skal gje til. Gje til alle, for Gud vil at hans gåver skal koma alle til gode. Så blir det mottakarane si sak å gjera rekneskap for Gud om kvifor dei tok imot, og kva dei skulle med det. Dei som tek imot hjelp fordi dei lir naud, skal ikkje bli dømde, men dei som tek imot på falskt grunnlag, skal få si straff. Gjevaren er altså utan skuld. For han har i all enkelheit fullført si teneste, slik han fekk henne frå Herren, utan å grubla over kven han skulle eller ikkje skulle gje til. Dersom ei slik teneste vert utført av eit enkelt og reint hjarte, er det til ære for Gud.

Omsetjing: Øystein Silouan Lid

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar