onsdag 21. februar 2018

Å be i hjartet i ei verd av distraksjonar


Av: Moder Victoria, abbedisse i Sta. Barbara Orthodox Monastery.
Føredraget vart halde i St. Barnabas Orthodox Church, California, august 2014.

Det at du har kome hit for å lytta til dette føredraget, viser at Den Heilage Ande alt har ført deg det første steget på vegen mot det dei heilage fedrane kallar "synet av Gud", eller theoria. For det å læra å be startar med eit begjær etter å koma nærare Gud, til å vera nærare samanknytt med Han.

Dette skal vera ein praktisk introduksjon til temaet. Eg vil starta med ei skildring av korleis ein bør be som frå fedrane. Dersom du vil lesa meir om det me no skal sjå på, føreslår eg boka der hl. Serafim av Sarov fører ein samtale med Motovilov. Den er kalla "Ei openberring for verda", og der presenterer hl. Serafim denne læra. Og la meg leggja til det eg her tenkjer på er ikkje kyrkjebøna, eller fellesbøn. Det er personleg bøn, den som me har i bønekammeret, som du gjer heime åleine.

Det første eg vil råda dykk til, er å bruka ei bønebok. Det betyr ikkje at du ikkje kan nytta dine eigne ord - det kan du sjølvsagt. Men gløym ikkje bøneboka. Det er ein skatt som er overlevert til oss gjennom kyrkja sin tradisjon. Den kan me stola på, den er velprøvd og sann. Den inneheld dei beste og høgast verdsette bønene som har blitt bede og utvalt av kyrkja gjennom hundreåra. Det er eit veldig viktig poeng, at utvalet er gjort av kyrkja. Det finst ei rekkje utgåver av bøneboka (på engelsk), nokre er meir komplette enn andre, men dei er alle gode.

Mykje av innhaldet i bønebøkene kjem frå horologion. Kanskje du er kjent med den boka, særleg dersom du er lesar i kyrkja. Denne boka inneheld ikkje berre morgon- og kveldsbønene, men har også dei ulike tidebønene, kanonar og akathistar, bønene før nattverden, og etter nattverden. Boka er meint å ha eit hendig format, slik at ho skal vera lett å bruka og ha med. Du kan ha henne i lomma eller i veska. Ho er laga med tanke på personleg bruk.

Fedrane oppfordrar oss til å bruka bøneboka - fordi ho er ein bøneskule. Dersom du brukar tekstane frå bøneboka, lærer du korleis ein bør be. Du kan seia at etter lang tids bruk blir sjelene våre prega med identiteten Guds born har. Me lærer kva ord som bør brukast, korleis me kan uttrykka våre tankar i bøn, og korleis dei tankane bør vera. Me lærer kva haldning me bør ha når me kjem framfor Gud i bøn. Og når du først har lært dei bønene, kan det henda at du tek til å gjentak dei utanåt. Dei har blitt ein del av oss.

Så du tek opp bøneboka, stiller deg framføre ikona, og når du står der, gjer ditt beste for å roa ned sinnet ditt og samla tankane. (Dersom det ikkje er ikonar til stades, kan du be utan, og dersom det er vanskeleg å stå, kan du setja deg ned). Dette er umogleg å gjera fullt ut, men gjer det likevel, i den grad du kan. Bøneboka føreslår ofte sjølv at du bør gjera krossteiknet, kanskje tre gonger, den kan føreslå å be Jesusbøna nokre gonger, og nokre nedbøyingar. Poenget er å fokusera tankane, ved å minna deg sjølv på at du er i Guds nærvær. Dette er det første steget mot å bli oppmerksam. Ein plukkar ikkje berre opp bøneboka og startar å be raskt. Fedrane gjer eit stort nummer av dette - dei ser det som ekstremt viktig.

Kanskje du tenkjer: "Vel, eg veit at det der er noko eg ikkje kan greia. Eg kan ikkje roa ned tankane mine. Så fort eg prøvar å gjera det, blir eg distrahert, og tankane fyk i den eine retninga eller den andre." Ja, nettopp! Og faktisk har så godt som alle den same opplevinga. Men kanskje har du høyrt om det fantastiske rådet som kjem til oss frå den nyleg helgenkåra, Porfyrios? Han sa det til ein som besøkte det heilage fjellet Athos: "Ser du det flyet der oppe? Førestill deg at det er ein tanke som seglar gjennom hovudet ditt. Her på Athos, legg me ikkje større merke til flya. Me har ikkje nokon flyplass her. Me veit at det flyet er på veg ein annan stad, kanskje til Athen, der det skal landa på den store internasjonale flyplassen der. Men det har ingenting med oss å gjera, så me legg ikkje merke til det. På same måte, når tankar oversvømmer sinnet ditt, prøv å la dei berre fly forbi - ignorer dei - legg ikkje vekt på dei. Lat dei koma inn i sinnet ditt og forlata det utan å leggja merke til det medan du ber." Det er ein god metafor. Det er ein god måte å sjå det på.

Nokon vil kanskje spørja: "Seier du at sjølv erfarne munkar på Athosfjellet balar med vanskar som dette? Seier du at i einsemda på det heilage fjellet greier ikkje munkane å halda sinnet fritt for tankar?" Og svaret er; ja, det er akkurat det eg seier. Det er den menneskelege tilstanden.

Medan me prøver å ignorera uvelkomne tankar, tilrår fedrane at me leser bønene i bøneboka - først og fremst - seint. Det finst lange passasjar hjå fedrane om dette, at ein må motstå freistinga til å forta seg gjennom bønene. Sei dei seint medan du prøver å leggja merke til kvart ord. Fedrane har ein spesiell seiemåte her: Dei kallar det å lukka bøna inn, eller å lukka inn i sinnet orda i bøna. Det betyr berre å følgja nøye med, eller å vera merksam.

Det neste dei føreslår er at me seier bønene høgt. Ikkje dermed sagt at du ikkje kan be bøner stille, men for å oppnå merksemd vil du sjå at det å be høgt er til stor hjelp. Dette er nok eit tema som det blir skrive lange seksjonar om i bøker om bøn.
Og her kjem det aller viktigaste som fedrane har å læra oss. Det er veldig sannsynleg at når du les bønene, vil plutseleg eit ord eller ein setning bli levande for deg - noko som treffer deg der og då. Kanskje eit spesielt ord med eitt vil vera særleg meiningsfullt. Og - dette er avgjerande - når det skjer, merk deg det, følg med, fokuser på det ein augneblink, dvel ved det. Og så, når merksemda knytt til denne eine setninga tek til å avta - og det vil ho - hald fram med å lesa bønene, sakte og med merksemd. Igjen kan det same skje: noko slår deg eller talar til deg. Kanskje eit ord eller ein setning varmar opp hjartet ditt. Då stoppar du igjen, og dveler over orda. Prøv å halda fast på den varmen i hjartet så lenge du kan. Og når det avtar, tek du opp bøneboka igjen, og held fram med lesinga.

Når du les bønene dine kan dette skje stadig vekk, eller kanskje det berre skjer ein gong. Eller du kan nå heilt til slutten av bøneregelen din utan at det har skjedd i det heile. Aksepter det Gud gjev, same kva det er. Men når det skjer, prøv å hald på merksemda, på varmen i hjartet. Kanskje er det ei kjensle av omvending, eller kanskje samvitet blir rørt. Hald på det så lenge du kan, for i den augneblinken har du nådd målet med bøna. I den stunda er du i Guds nærvær. Gud har gjeve det sin nåde, og det er målet med bøna.

Nokon vil kanskje seia til meg: “Det kjem ikkje til å fungera for meg. Eg seier bønene mine om morgonen, men eg har berre ein halv time, og så må eg springa for å nå bussen - elles blir eg for sein på jobben.” Vel, dei heilage fedrane seier at målet med bøna er ikkje å berre koma gjennom dei. Føremålet er å koma inn i Guds nærvær. Og dersom du har kome in ni Guds nærvær på første Fadervår og blitt verande der i ein full halvtime - pris Gud! Det er heilt greitt. Det er ikkje ei synd du må vedkjenna for presten at du ikkje fullførte bønene sine. Tvert imot, du har funne Guds nærvær, og oppnådd målet med bøna.

Eg sa at mykje av det eg seier her er henta frå hl. Serafim av Sarov sine skrifter. Han tek det sjølvsagt frå dei heilage fedrane, det var ikkje hl. Serafim som kom på det. Men han har eit veldig originalt bilete på kva som går føre seg her. Han seier: “Å be er som å seia til Herren: “Kom inn”. Du inviterer Herren til å koma inn i hjartet ditt. Du opnar døra, og gjesten din kjem inn. Du let den personen koma inn i stova, og så set de dykk ned saman for å samtala. Og så seier du igjen til gjesten din: “Kom inn”. Og der sit han, rett overfor deg, og forventar å ha ein samtale med deg, og alt du seier er “Kom inn”. Det er tullete. Han ville tru du var ein galning.” Men, seier hl. Serafim, det er akkurat det me gjer når me vel å gå vidare med fleire bøner i den stunda Herrens nærvær er der. Forstår du det? Du må altså bruka den tida du har, og ta i mot det Herren vil gi deg, og gå aktivt til verks i bøna på denne måten. Søk etter at Guds nåde skal koma til deg.

Eg sa at dette er ei form for bøn ein ber når ein er åleine. Til dømes når du seier morgonbønene, kveldsbønene, bønene framføre Nattverden og så vidare. Men du kan til ei viss grad bruka denne framgangsmåten også i kyrkja, så sant du er ein lekmann i forsamlinga. Du kan lytta til hymnene, salmane og så vidare, og prøver å følgja med - kanskje du syng med - og så skjer det at noko varmar hjartet ditt. Bli då verande der. Hald på det så lenge du kan. Og om nokre minutt vil det sjølvsagt avta, og då slår du følgje med forsamlinga igjen. Presten kan ikkje gjera dette - han må fortsetja med dagens gudsteneste. Altartenarane kan heller ikkje gjera det - dei må følgja med på prestane og kva behov som måtte oppstå under gudstenesta. Men dersom du er ein vanleg medlem, og ikkje har særlege ansvar, så kan du la ditt sinn og ditt hjarte følgja gudstenesta på denne måten. Det er ekstremt fruktbart.

Eg lærte denne måten å be på av min eldste. Hans namn var f. Dmitry av Santa Rosa. Han har vore vekke lenge no, døydde i 1992. Men eg hugsar at han las i den heilage skrifta på den måten. Kvar måten sat han i lenestolen sin med skrifta oppslått framføre seg på pulten. Så ville han lesa ei lita stund før han lente seg tilbake i stolen. Han lukka stundom augene, og mediterte tydelegvis over det han hadde lest under bøn. Han sa nokre ord stille for seg sjølv, og av og til løfta han armane sine. Så ville han fredfullt halda fram med lesinga, før det same gjentok seg. Han tok vare på den nåden Gud gav han der og då.

Det neste eg skal seia trur eg vil overraska deg. Hjå dei heilage fedrane vert korkje gudstenester, vesper, akathistar, eller andre former for fellesbøn referert til som bøn. Det kallar ikkje det bøn! Er ikkje det litt overraskande? Når du les ein av fedrane, som til dømes  i Filokalia eller hjå hl. Isak syraren, må du først finna ut korleis forfattaren forstår ordet “bøn”. Viss ikkje, vil du bli forvirra. For når fedrane skriv om bø, snakkar dei om det som overgår ord. Dei referer ikkje til høyrbar bøn, uttalt bøn. Slik bøn kallar dei salmodi (salmesong). Å lesa Davidssalmane er salmodi, liturgi er salmodi, forbønsgudtenestene er salmodi og vesper er salmodi. Men bøna som eg skildra tidlegare - tar oss frå salmodi til den reine bøna. Det er ein lett veg som me kan bruka alle saman, om me så er lekfolk, munkar, nonner, eller på kva stadium me er i livet. Ein går frå salmodi (noko fedrane kalla praxis - altså praktisk bøn) til theoria - visjonen av Gud, til den staden der ein erfarer Guds nåde. Salmodi/praxis kan nyttast som ein sti til det neste stadiet.
Halvparten av det dei skriv om handlar om korleis ein kan unngå dei mange distraksjonane som kjem når ein prøver seg på denne forma for bøn, og går i retning av theoria eller den reine bøna. Dei heilage fedrane gjorde dette til ein heil vitskap. Du har kanskje lest om slike råd (som dei eg no skal nemna). Som f.eks. at ein kan tilpassa bøna til din eigen pust, eller at du bytar ut salmodien med Jesusbøna: “Herre Jesus Kristus, Guds son, forbarma deg over meg ein syndar.”

Her kjem fedrane raskt med ei lita åtvaring. Ikkje gå særleg langt på dette området utan rettleiing. Frå nokon med erfaring som kan hjelpa deg. Elles kan du få trøbbel. Slike teknikkar blir kalla psyko-fysiske teknikkar, og bør ikkje brukast utan nokon som kan følgja med på erfaringane dine. Men dei enklaste øvingane kan du gjera utan å bekymra deg. Du kan til dømes pusta inn når du seier “Herre Jesus Kristus, Guds son”, og pusta ut når du seier “forbarma deg over meg, ein syndar”. Det kan skje heilt naturleg også utan at du prøver på det. Fedrane seier at når du er nybegynnar bør du fokusera på sjølve bøna, ikkje på pustinga. Fokuser på orda i bøna.

Eit anna tema innan dette feltet, er å fokusera på sitt eige hjarte. Eg vil berre seia ein ting om det, sidan min eldste meinte at det var så viktig. Han understreka at ein bør leggja fokus like over hjartet - litt over og til venstre. Dersom du vil plassera hjartet nøyaktig, er det den staden der du får vondt når du seier at eg har hjartesorg / hjartet mitt er knust. Ein kan lesa side opp og side ned hjå fedrane om kor hjartet er plassert, å det er lett å bli forvirra. Men heldigvis har me nolevande eldste som gjer det veldig lett for oss å forstå.

Ein forfattar eg vil tilrå at du les er “Våre tanker former livene våre - Liv og lære til fader Tadej av Vitovnica” (utgjeve av Hl. Trifon Skita 2016). Eldste Taddeus av Vitovnica er så lett å forstå, samtidig som han er på heilt rett spor. Han seier: “Ikkje bekymra deg over alle instruksjonane om å finna kvar hjartet er. Prøv berre å be hjarteleg.” Og det er det heile! Og berre for å gjenta det - slike teknikkar er eigentleg ikkje naudsynt å fokusera på. Dersom me held oss til den enkle måten å be på som eg skildra innleiingsvis, vil me vera på sporet.

Fedrane nemner at dei tankane som kjem under bøna, som prøver å distrahera oss, er ofte den staden der demonane går til åtak. Fedrane er ikkje redde for å snakka om demonisk aktivitet. Psykologar som ser på bøn vil ty til all slags forklaringar for å motseia dette sjølvsagt, men fedrane nøler ikkje med å seia: “dette er eit område med demonisk aktivitet - flykt frå det”.

Eg har lyst å lesa ein definisjon som vil hjelpa deg, og som vil få deg til å forstå at det eg fortel deg verkeleg er henta frå fedrane. Boka er eitt av banda i den engelske omsetjinga av Filokalia. Bakarst i kvart band er det ei ordliste, og den er fantastisk. Eg tilrår at du brukar tid på berre å lesa den. I boka står ordet “fantasi” som eit av oppslagsorda. Me blir fortalde at me skal halda oss vekke frå fantasering, og dagdrøyming. Tankane som kjem frå det underbevisste i løpet av bøna, bør bli avviste. Dette seier Filokalia om fantasi:

Ordet fantasi skildrar den bilde-produserande evna i psyken vår. Dette ordet er eitt av dei viktigaste i ordforrådet til ein hesykast (ein hesykast er ein som praktiserer stille og ro, og søkjer bøna i stilla). Når nokon tek til å avansera på den åndelege vegen, begynnar ofte ulike bilete å visa seg, som ikkje har noko direkte referansepunkt til den ytre verda. Dei kjem på uforklarleg vis frå vårt eige indre. Denne erfaringa er eit teikn på at bevisstheita vår er i ferd med å nå fordjuping. Ytre påverknad og vanlege tankar har til ei viss grad blitt stille, og impulsar, bekymringar, håp, lidenskapar - gøymt i den underbevisste delen av sinnet - tek til å bryta gjennom til overflaten.

Eitt av måla med det åndelege livet, er å oppnå den åndelege kunnskapen som overgår både det vanlege nivået av bevisstheit og det underbevisste. Og det er sant at dei bileta som kjem - særleg når mottakaren er i ein avansert åndeleg tilstand - godt kan vera projeksjonar frå nivået der dei himmelske førebileta (erketypane) til vår (kreative) førestillingsevne. I det tilfellet kan bileta brukast kreativt til å skapa bilete av heilag kunst og ikonografi. Men oftare vil dei stamma frå ei lågare sfære, ein mellomtilstand, og vil då ikkje ha noko åndeleg eller kreativt ved seg. Då tilhøyrer dei fantasi-verda, og ikkje til førestillingsevna (imagination) vår i eigentleg forstand. (I den engelske utgåva er det eit eige oppslagsord for “imagination”, men det lyt ein slå opp sjølv). Det er på grunn av dette bønas meistrar stort sett er negativt innstilt til dette. Dei understrekar dei alvorlege farane som er involvert i den typen oppleving, særleg fordi sjølve produksjonen av desse bileta kan vera ein konsekvens av demonisk aktivitet. Og dei åtvarar dei som framleis er i eit tidleg stadium, og ikkje har oppøvd åndeleg dømmekraft, om ikkje å bli opprømt av eller la seg fanga av dei illusjonane. Dersom ein gjer det, kan sinnet bli overvelda. Rådet deira er å ikkje bry seg om bileta, men å halda fram med bøn og påkalling, og slik avvisa dei i Jesu Kristi namn.

I lys av alt dette vil du kanskje spørja om slik bøn i det heile vil vera mogleg når ein lever i verda? Må ein flykta til ørkenen og bu i ei hole? For å oppmuntra deg, har eg lyst å lesa ei forteljing skrive av hl. Simeon den nye teologen. Den er også i Filokalia, men uheldigvis ikkje i eit av banda som så langt har blitt omsett til engelsk. Det er i femte bandet, som ikkje er omsett og utgjeve enno. hl. Simeon skriv ei forteljing om ein ung mann ved namn Georg. Han kallar historia “Ei nyttig forteljing”.

Historia går slik: Den unge Georg reiser vekk frå småbyen han var vaksen opp i, og kjem til Konstantinopel for å søkja lukka der. Der bur onkelen hans, som er ein fin mann. Han jobbar ved keisarens hoff. Onkelen finn ein jobb til Georg, som oppsynsmann i eit stort hushald hjå ein annan aristokrat. Og Georg startar å jobba der. Han var nok ansvarleg for skaffa forsyningar, tilsetja tenarar og oversjå arbeidsfolket - kort sagt- han styrte hushaldninga. Det var nok mykje ansvar knytt til den stillinga, og difor full av uventa krav og utfordringar. Men Georg var ein oppriktig kristen, og det første han gjorde når han kom til den store byen var å finna ein åndeleg far i eitt av klostera der. Og denne munken gjev han ei lite bok, og seier at den er skriven av hl. Markus asketen. I dag finn du den som del av Filokalia, i første bandet. Han får denne boka, og vert også given ein liten bøneregel. Georg tek til med å lesa denne boka, og oppfyller regelen. Kvar kveld når han er ferdig med pliktene sine går han til sitt eige rom der han leser boka og gjer regelen. Utanom det gjer han ikkje noko spesielt. Den lilla boka seier at me må lytta til samvitet vårt, og gjera det det fortel oss. Og det Georg sitt samvit sa var at han skulle be litt lenger, gjera nokre få ekstra nedbøyingar, og leggja til nokre ekstra salmar. Han ville aldri så til sengs før han hadde fullført det samvitet hans bad han om. Etter kvart som dagane gjekk fant han at han gjorde meir og meir, heilt til han heldt det gåande til midnatt.

Ingen i aristokratens hus tenkte over korleis han brukte tida si heime. Til slutt, for å sitera historia, “kom det ei natt då han fullførte sin bøneregel, at eit skinande guddommeleg ljos steig ned ovanfrå og fylte heile rommet. Då gløymte den unge mannen at han var i eit rom og under eit tak, for på alle sider såg han ikkje noko anna enn ljos. Han var ikkje ein gong klar over at han stod på bakken. All verdsleg bekymring forlèt han, og ingen tankar som vanlege menneske får, dukka opp i sinnet. Han blei heilt oppslukt i dette overnaturlege ljoset, og det virka som om han sjølv blei ljos. Han gløymde verda og blei fylt av ei ubeskriveleg glede og tårer”. Forteljinga skildrar opplevinga i større detalj, og deretter litt meir om resten av livet til Georg.

Vel, forskarane fortel oss at Georg faktisk er hl. Simeon i eigen person, og at forteljinga difor er sjølvbiografisk. Det kan så vera, men poenget i historia er det hl. Simeon ønskjer å formidla til oss: Dette er mogleg for alle. Denne erfaringa er ikkje noko umogleg. Kva må til? Fedrane seier at det som er påkravd for vår del er ei fast avgjerd om å søkja bøna, og så vil Herren gi oss si gåve. Det er kanskje det viktigaste eg har sagt til no: Herren vil gi oss si gåve. Den reine bøna er når alt kjem til alt ei gåve frå gud. Og alt me gjer er å førebu oss på å kunna ta den gåva i mot. Den måten å be på som eg fortalte om først, tvingar ikkje Gud til å gjera noko - utfallet er ikkje garantert. Alt me gjer er å bidra med vår del. Me seier bøna med så mykje merksemd som me kan mønstra. Av og til brukar me kanskje nokre teknikkar, for å hjelpa oss med å vera merksame. Og så held me ut. Og så: Det Gud gjev, det gjev Gud.

Spørsmål: Moder, når du seier at me bør ta ein pause i bøna, skal me gå lata oss sjølve reflektera med tankar?
Moder Victoria: Nei, ikkje noko særleg. Me held fast på den nåden som har kome til oss.
Spørsmål: Så ein er i stilla?
Moder Victoria: Ja.

Spørsmål: Kan du seia eit ord om kveldsbøner som mann og kone ber før leggjetid?

Moder Victoria: Det er sjølvsagt ein flott praksis, ikkje berre for mann og kone, men for heile familien. Til dømes å be kveldsbøner saman. Men det inneber eit offer, og det offeret er at du ikkje kan be på den måten eg beskreiv. For når du ber saman med andre, kan du ikkje stoppa opp og nyta slik nåde som Gud måtte gje. Du kan ikkje ta deg tid til å reflektera eller å meditera, då er det bøneregelen som er poenget. Men den har andre fordelar ved seg. Å be saman er sjølvsagt tilrådd, så gjer det!

Spørsmål: Kan du seia noko om kva rolle kjensler spelar? Det forstår eg ikkje. Eg treng dømmekraft til å vita kva tid kjenslene er noko som stør opp om bøna, og kva tid dei blir ein distraksjon.
Moder Victoria: Fedrane understrekar at me må vera nøkterne i bøna vår. Dei råder oss til å ikkje søkja etter kjensler når me ber. Men me er menneske, og kjenslene er ein del av korleis me er samansette. Dersom me omvender oss, er det svært sannsynleg at det er kjensler knytt til det. Men kjernen av omvending er ikkje ei kjensle. Kjernen er endring. Me søkjer ikkje etter kjensler når me ber, me søkjer Guds nærvær. Kjensler kan koma, og det er heilt greitt. Men ikkje la det blir fokus i bøna eller det du ser etter. Guds nærvær er ikkje funne i kjensler.

Spørsmål: Eg skulle gjerne ha visst dine tankar om korleis me kan framelska denne forma for bøn i våre born. For eg forstår verdien av å be åleine, men det å be saman med born er noko anna. Nokre born blir distrahert eller vil ikkje be, eller spør “må eg be no igjen?”. Korleis kan me rettleia borna våre mot den typen bøn, og setja eit godt føredøme?

Moder Victoria: Gjer det til ein del av barnets daglege rutine. Eg trur det er viktigast av alt. Eg har ikkje erfaring sjølv med å oppdra born, men eg kan hugsa min eigen barndom. Det var i alle fall slik våre foreldre oppdrog oss. Det var ikkje noko spørsmål om det - det siste som skjedde før sengetid var å seia nokre bøner. Eg hugsar ikkje akkurat kva bøner det var, men truleg trishagion-bønene og “Verdig og rett det er”. Me song dei, og det er ein god ting. Eg kan ikkje hugsa at me gjekk til sengs utan å gjera det, og foreldra våre ville gå rundt og velsigna oss før natta. Ei av søstrene i klosteret hugsar at etter sengetid gjekk far hennar frå rom til rom og gjorde krossteiknet framføre kvart av borna gjennom døra. Det er eit uutsletteleg inntrykk frå barndommen hennar. Eg kan heller ikkje sterkt nok framheva kor stor kraft det har når borna ser at me brukar tid i bøn. Tidl abbed i Simonos Petra, fader Emilianos, han vakte klosterlivet på Athosfjellet til live att når det såg ut til å døy ut. Ein viktig figur på 60-talet. Han hugsar at når han var barn, sov han i same rom som bestemora. Han såg at ho stod opp midt på natta, medan ho trudde at han låg og sov. Ho stilte seg opp framføre ikona, og tømte ut hjartet sitt i bøn. Ho bad for heile familien. Han seier at det føredømet som bestemora gav han, gjorde meir for å forma han som ortodoks kristen enn noko anna. Det er mektig.

Føredraget vart også filmatisert, og kan sjåast her.

Omsett av: Øystein Silouan Lid