onsdag 13. april 2016

Kva fører den humanistiske kulturen til?

av Hl. Justin Popovic

Justin Popovic (1894-1979) overlevde to verdskrigar i Serbia, og analyserer i denne artikkelen problema med det europeiske verdsbiletet som kunne føra til ei slik katastrofe, og går deretter inn på sannsynlege framtidsscenario.

Den gudmenneskelige kulturen omskapar mennesket frå innsida. Samtidig påverkar dette menneskets ytre tilstand. Det omskapar sjela, og i neste omgang - kroppen. Ifølgje denne kulturen er kroppen sjelas tempel. Det er gjennom sjela me lever og rører oss og er til. Tek du vekk sjela frå kroppen, kva anna vil gjenstå enn eit stinkande lik? Gudmennesket forvandlar først sjela og deretter kroppen. Den forvandla sjela forvandlar kroppen - forvandlar materien.

Målet til den gudmenneskelige kulturen er å omskapa ikkje berre mennesket og menneskeslekta, men også heile naturen gjennom dei. Men korleis kan dette målast nåast? Berre ved gudmenneskelege verkemiddel: Ved evangeliske dygder som tru, kjærleik, håp og bøn, faste og audmjukskap, mildskap og medkjensle, kjærleik til Gud og vår neste. Det er ved desse dygdene at gudmenneskelig ortodoks kultur oppstår. Ved å søkja desse dygdene endrar du den  forkrøpla sjela di, gjer henne vakker. Ho vert forvandla frå noko mørkt til noko lyst, frå noko syndig til noko heilagt, frå noko med mørkt blikk til noko gudlikt.

Det er ved å oppnå dei evangeliske dygdene gjennom asketisk innsats at mennesket får kraft og autoritet over seg sjølv og over naturen rundt. Ved å forvisa synd både frå seg sjølv og frå verda rundt forviser han samtidig dei ville, destruktive og øydeleggjande kreftene. Han forvandlar seg sjølv og verda, han legg naturen under seg, både den indre og den ytre. Det beste eksempelet på dette er helgenane: Etter å ha heilaggjort og forvandla seg sjølve gjennom asketisk arbeid for å oppnå dei evangeliske dygdene, forvandla og heilaggjorde dei også naturen rundt seg. Det er mange eksempel på helgenar som fekk ville dyr til tenarar, og som ved sitt blotte nærvær kunne tøyma løver, bjørnar og ulvar. Dei behandla naturen bedande, mildt, audmjukt, medfølande og forsiktig - utan å vera harde, strenge, fiendtlege eller valdelege.

Det er ikkje gjennom eit mekanisk, valdeleg eller eksternt krav at Guds rike vert etablert på jorda, men gjennom indre, godhjarta og personleg etterlikning av Herren Jesus Kristus. Dette etablerer ortodoks kultur, for Guds rike kjem ikkje som noko synleg eller ytre, men som noko indre, åndeleg og usynleg. Frelsaren seier:

«Guds rike kjem ikkje slik at ein kan sjå det med auga. Ingen kan seia: ‘Sjå her er det’ eller: ‘Der er det’. For Guds rike er inni dykk.» (Lukas 17, 20-21)

Dette skjer i den gudskapte og gudlike sjela, helga av Den Heilage Ande. «For Guds rike er ikkje mat og drikke, men rettferd, fred og glede i Den Heilage Ande.» (Rom 14, 17) Ja, i Den Heilage Ande, ikkje i menneskeanden. Det kan berre skje i menneskeanden i den grad han eller ho fyller seg sjølv med Den Heilage Ande gjennom dei evangeliske dygdene. Difor er det første og største bodet i ortodoks kultur dette: «Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg.» (Matt. 6,33)

Det betyr at at alt som er naudsynt for å halda livet oppe - mat, klede og husly - vil bli gitt til deg. Alt dette er berre tilbehør i Guds rike, men vestleg kultur søkjer tilbehøret først. Det er her heidenskapen er å finna, for som frelsaren seier; det er heidningane som søkjer tilbehøret først. Her ligg tragedien i den vestlege kulturen, for her blir sjela sveltefora ved materiell bekymring, medan vår syndfrie Herre ein gong for alle har sagt:

«Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, og kva de skal drikka, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. For alt dette er heidningane opptekne av. For alt dette er heidningane opptekne av. Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg.» (Matt. 6,25, 32-33)

Dei «behova» som det moderne mennesket skaper i sin eigen fantasi har fått eit enormt omfang. For å tilfredsstilla desse sjølvskapte behova har menneska gjort vår fantastiske guddommelege planet om til eit slaktarhus. Men vår menneskeelskande Herre har for lenge sidan openberra «det eine nødvendige» for kvart  menneske og for heile menneskeslekta. Og kva er det? Det er Gudmennesket, Jesus Kristus, og alt han har: Guddommeleg sanning, guddommeleg rettferd, guddommeleg kjærleik, guddommeleg godleik, guddommeleg heilagdom, guddommeleg udødelegdom og evig liv, og all annan guddommeleg perfeksjon. Dette er «det eine nødvendige» for mennesket og for menneskeslekta. Samanlikna med dette er alle dei andre menneskelege behova så ubetydelege at dei nesten er unødvendige. (Lukas 10,42)

Når ein mann i alvor og i samsvar med Evangeliet, grunnar på mysteriet i sitt eige liv og i livet rundt han, må han nødvendigvis konkludera med at det mest presserande er å avvisa alle (dei menneskeskapte) behova, og følgja bestemt etter Herren Jesus Kristus. Å bli sameint med Han ved å perfeksjonera det evangeliske, asketiske arbeidet. Utan dette forblir mennesket utan frukt åndeleg sett, uforstandig, livlaust, sjela turkar opp, smuldrar vekk, desintegrerer, blir ufølande - heilt til han døyr. For Kristus sa:

«Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, slik kan heller ikkje de bera frukt viss de ikkje er i meg.  5 Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingen ting gjera.  6 Den som ikkje blir verande i meg, blir kasta ut som ei grein og visnar. Greinene blir samla saman og kasta på elden, og dei brenn.» (Joh 15, 4-6)

Der er berre gjennom åndeleg og organisk einskap med Gudmennesket Jesus Kristus at mennesket kan føra livet sitt i retning det evige livet. Ein person av gudmenneskelig kultur er aldri åleine. Når han tenkjer, tenkjer han gjennom Krustus, når han handlar, handlar han gjennom Kristus, når han føler, føler han gjennom Kristus. Kort sagt: Han lever konstant gjennom Kristus-Gud, for kva er mennesket utan Gud? Først vil han vera eit halvt menneske, og til slutt, vil han ikkje vera eit menneske i det heile. Det er berre i Gudmennesket at ein kan finna fylden og perfeksjonen av sitt eige vesen. Der finn ein prototypen, evigheita, udødelegdomen og menneskets absolutte verdi. Herren Jesus Kristus er då også den einaste blant menneske som har kalla menneskets sjel for den største skatten i verda.

Alle planetane og stjernene er ikkje verd like mykje som ei enkelt sjel. Dersom ein mann kastar vekk sjela i synd og lastefull livsførsel vil han ikkje vera i stand til å vinna ho tilbake. Ikkje eingong om han skulle greia å leggja alle solsystem under seg. Her har mennesket berre ein veg ut - Gudmennesket Kristus som er den einaste som gjev udødelegdom til menneskesjela. Sjela vert ikkje fridd frå død av materielle ting, men heller sett i fangenskap. Og det er berre Gudmennesket som frir oss frå dette tyranniet. Materielle ting har ikkje noko makt over det mennesket som høyrer til Kristus - nei, han har makt over dei. Han ser alle ting sin sanne verdi, for han verdset dei slik Kristus gjorde. Og sidan den menneskelege sjela har ein uendeleg mykje større verdi enn alle vesen og alle ting i verda i følgje Kristi evangelium, er ortodoks kultur difor ein kultur der sjela sit i høgsetet.

Menneskets stordom er berre i Gud - det er mottoet i den gudmenneskelege kulturen. Mennesket utan Gud er 70 kilo med blodig masse, ei grav før grava. Det europeiske mennesket har sagt at både Gud og sjela er avgått ved døden, men har han ikkje også gjeve seg sjølv dødsdommen ved å avvisa oppstoda? Dersom du prøver å objektivt forstå essensen i europeisk sivilisasjon, filosofi, vitskap, politikk og kultur, vil du sjå at i Europa har dei drepe Gud og sjelas udødelegdom. Og dersom du alvorlig grunnar over tragedien i menneskehistoria kan du sjå at gudsmordet alltid endar med sjølvmordet. Hugs Judas: først drap han Gud, og deretter seg sjølv. Slik er den uunngåelege lova i vår planets historie.

Strukturen i europeisk kultur - forma utan Kristus - må forgå, og vil forgå svært raskt. Det profeterte den klarsynte Dostojevskij for hundre år sidan, og det same gjord Nikolai Gogol for to hundre år sidan. Like framføre augo våre går profetiane frå desse slaviske profetane i oppfylling. I ti hundreår har den europeiske versjonen av Babels tårn blitt bygt, og no er det eit tragisk bilete som møter vårt blikk: Det som har blitt skapt er eit enormt ingenting! Allmenn forvirring og uforstand har begynt. Mennesket forstår ikkje mennesket, sjel forstår ikkje sjel, nasjon forstår ikkje nasjon. Mennesket har reist seg mot mennesket, kongedømme mot kongedømme, nasjon mot nasjon og jamvel kontinent mot kontinent.

Den europeiske mannen nådde sin skjebne – nådde himmelropande høgder. Han plasserte ein supermann på toppen av Babels tårn. Derifrå prøvde han å setja krona på sitt eige verk. Men supermann vart galen like før han nådde toppen av tårnet, og han fall ned. No er tårnet i ferd med å kollapsa i kjølvatnet hans, og blir knust av krigar og revolusjonar. Homo europaeicus måtte bli eit sjølvmord. Hans «Vilje til makt» blei «Vilje til natt». Ei natt, ei uhyggeleg natt, senka seg over Europa. Europas idol er i ferd med å forgå, og den dagen er ikkje langt unna då det ikkje lenger vil vera stein igjen på stein i europeisk kultur. Ein kultur som byggjer byar, men øydelegg sjeler, som forgudar det skapte, og kastar vekk skaparen.

Den russiske tenkjaren Herzen, var glad i Europa, og levde der lenge. Men då han vart gamal, skreiv han: «Eg studerte den marketne organismen som er Europa i lang tid. I alle delar fann eg spor av død. Europa går mot ei skrekkeleg katastrofe. Politiske revolusjonar kollapsar under vekta av si eiga utilstrekkjelegheit. Europearane har utført storverk, men har ikkje greidd å fullføra oppgåva si. Dei har øydelagt trua, og har ikkje sørga for fridom. Dei har vekt til live i menneskehjarto slike begjær som ikkje var etla til å bli realiserte. Før alle andre blir eg dødsbleik, og eg er redd for natta som snik seg på… Farvel, døande verd! Farvel, Europa!»

Himlane er tomme, det er ingen gud der. Jorda er tom, det finst ikkje noko sjel der. Europeisk kultur har gjort alle slavane sine om til lik, og har sjølv blitt ein gravplass. «Eg vil reisa til Europa,» sa Dostojevskij, «og eg veit at eg reiser til ein gravplass» (I boka «Vinteropptegnelser om sommerinntrykk»)

Før første verdskrigen var det berre melankolske slavarar som makta å forutsjå det føreståande helvetet. Etter kvart følgte nokre europearar i deira fotspor, og la merke til det. Den modigaste og mest oppriktige, var utan tvil Oswald Spengler. Han rysta verda med boka «Undergang des Abendlandes» (Vesterlandets undergang). Der viste han - ved hjelp av alle midlane han hadde fått til rådvelde gjennom europeisk vitskap, filosofi, politikk, teknologi, kunst og religion - stilt korleis Vesten er i ferd med å gå under. Med første verdskrigen starta Europa dødsrallinga si. Vestleg eller faustiansk kultur - som ifølgje Spengler har sitt opphav i det tiande hundreåret, forgår no og smuldrar vekk, og er etla til å gå under fullstendig i det 22. hundreåret. (No verkar det som om prosessen er framskunda noko). I kjølvatnet av europeisk kultur, spår Spengler at Dostojevskij sin kultur vil vinna fram - nemleg den ortodokse kulturen.

Med kvart nye sivilisatoriske framsteg, går det europeiske mennesket meir og meir i retning døden. Det europeiske menneskets romantiske affære med seg sjølv er grava han korkje vil eller kan gjenoppstå frå. Han er betatt av si eiga fornuft, noko som er den dødelege lidenskapen som øydelegg den europeiske menneskeslekta. Den einaste frelsa frå dette er  Kristus, seier Gogol. Men denne verda, som er «full av millionvis av glitrande gjenstandar som dreg tankane i alle retningar, har ikkje styrke til eit direkte møte med Kristus».

Det europeiske mennesket har kapitulert framfor det fundamentale problemet i livet. Det ortodokse Gudmennesket har derimot løyst dette problemet. Svaret den europeiske mannen har gjeve på problemet er nihilisme, medan Gudmennesket har løyst det gjennom evig liv. For det darwinistisk-faustianske mennesket i Europa er hovudmålet i livet sjølvopphaldingsdrifta, medan for Kristi menneske er hovudmålet sjølvoppofring. Den første seier: ofra andre for å redda deg sjølv! Den andre seier: Ofra deg sjølv for å redda andre! Det europeiske mennesket har ikkje løyst problemet med døden - men Gudmennesket har løyst det gjennom oppstoda.

Prinsippa europeisk kultur og sivilisasjon er bygt på er gudsfiendtlege. Det europeiske mennesket brukte lang tid på å byggja seg opp til, heilt til det tidspunktet der Gudmennesket Kristus vart erstatta med filosofi og vitskap, med politikk og teknologi, med religion og etikk. Europa «brukte Kristus berre som ei bru mellom usivilisert barbari til sivilisert barbari - altså frå uskuldig barbari til utspekulert barbari» (Hl. Nikolai Velimirovitsj, «Ei preike om folk flest»).

I mine konklusjonar om europeisk kultur er det mykje som er katastrofalt. Lat ikkje det overraska deg. Me snakkar trass alt om den mest katastrofale perioden av menneskeleg historie - den europeiske apokalypsen, der kropp og sjel vert rive i sund av det grufulle. Ulmande motseiingar er nedfelt i Europa, og dersom dei ikkje blir fjerna, kan det berre løysast gjennom den endelege destruksjonen av europeisk kultur. Kva fører den humanistiske kulturen til?

Omsetning: Øystein Lid
Kjelde: http://www.pravoslavie.ru/english/76844.htm


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar